Kommunalt tilskot til kjøp eller bygging av bustad - Søknad om (KF-832)
Vinje kommune

Ordninga om kommunalt bustadtilskot er ei behovsprøva ordning. Den gjeld for privatpersonar som møter desse inntektskriteriane:

a) Husstandar med ei inntekt: Øvre brutto årsinntekt på kr 600.000. 

b) Husstandar med to inntekter: Samla øvre brutto årsinntekt på kr 800.000.

 c) Inntektsgrensene blir indeksregulert årleg.

 d) Personar som bur åleine samt aleineforeldre med små born skal prioriterast.

Bustadtilskotet kan tildelast ved oppføring av privat bustad, kjøp av brukt bustad og kjøp av leilegheit. Ved kjøp av privat bustad i samband med kjøp av landbrukseigedom, kan bustadtilskot tildelast på lik line som ved kjøp av andre private bustader/leilegheiter. Bustadtilskotet tildelast ikkje ved kjøp/bygging av fritidsbustad som skal nyttast som heilårsbustad, eller til utleigebustader.

Tilskotet er meint som ei hjelp for dei som ikkje har økonomi til å klare ei fullfinansiering av bygging eller kjøp av bustad. 

Det kan tildelast kommunalt bustadtilskot på inntil kr 400.000 for kjøp eller bygging av privat bustad/leilegheit, med ei øvre grense på 20 % av kjøpesum eller kostnadsestimat ved bygging. Bustadtilskotet blir indeksregulert årleg. 

For minihus som kjøpast/byggast som heilårsbustad, kan det tildelast bustadtilskot på inntil 20 % av kjøpesum/kostnadsestimat, med ei øvre grense på kr 100.000. 

Ordninga gjeld ikkje ved refinansieringar, gjenoppbygging og/eller restaurering av privat bustad grunna brann, naturskade etc. Lista er ikkje uttømmande.

Personar som søkjer om bustadtilskot kan ikkje eige annan bustad (sekundærbustad). Det er ein føresetnad at søkjar er folkeregistert i Vinje kommune, eller melder flytting så snart ferdigattest ligg føre eller eigedomsretten på bustaden/leilegheita er tinglyst på søkjar. Folkeregistrert adresse skal vera knytt til bustaden/leilegheita som søknad om bustadtilskot gjeld for.

Tilskotet blir utbetalt til eigar av bustaden/leilegheita som sjølv skal ha dette som sin primærbustad, ved to eigarar blir tilskotet utbetala til ein av søkjarane. 

Slik søkjar du: 

-Skriftlig søknad skal innehalde kopi av lånetilsegn eller finansieringsbevis frå privat bank eller tilsvarande dokumentasjon på finansiering. Søknad sendast via skjema på kommunens heimeside.

- Vedlagt søknad skal og dokumentasjon på inntekt for husstand dei tre siste månadane.

-Søkjar pliktar å melde frå om vesentlege endringar i økonomiske tilhøve og oppdatert lånetilsegn eller finansieringsbevis skal ettersendast ved behov. 

-Søknad om utbetaling av bustadtilskot skal sendast Vinje kommune innan 1 år etter at bustaden/leilegheita er ferdig bygd/kjøpt. Vedtak skal fattast før utbetaling

-Det skal utarbeidast særskilt avtale om bustadtilskot. Det blir stilt krav om 10 års butid. Tilskotet vert avskrive med 10 % årleg.  Dersom bustaden/leilegheita blir selt, disponerast av ein annan person, eller nyttast til anna føremål enn bustadføremål, skal den delen av tilskotet som ikkje er avskrive, betalast attende til kommunen. 

-Bustadtilskotet blir tinglyst med pant i bustaden/leilegheita. 

-Tilsegn om bustadtilskot ved nybygging blir gjeve ved handsaming av byggesøknaden, men tilskotet blir ikkje utbetalt før ferdigattest ligg føre. 

-Ved kjøp av bustad/leilegheit blir tilskot utbetalt når kjøpekontrakt er signert eller når eigedomsretten er tinglyst. 

Søknader vil bli handsama fortløpande i tråd med retningslinene omtala i dette dokumentet.


Virketidspunkt for tilskotet er 15.09.2022 når saka vart handsama i kommunestyret. 

Bustader som er kjøpt eller byggjeprosjekt som er i gangsatt før denne tid blir ikkje omfatta av ordninga. 

Dersom du tidlegare har avslutta utfylling av dette skjemaet utan å sende det inn, kan du fortsetje der du gav deg ved å skrive inn referansenummeret du fekk i dette feltet:

Referansenummer:

Før du gjev frå deg personopplysingar over internett, må du samtykkje i ei personvernfråsegn. Samtykkjeerklæring.

Samtykkje