Stimuleringstilskot - Søknad om (KF-832)
Vinje kommune

Retningsliner for stimuleringstilskot til bustadsal
Vedtatt av Vinje kommunestyre 14.09.2023 i sak 110/2023. 

1. Formål 
Tilskotet skal bidra til at innbyggjarane bur lengre og trygt i eigen tilpassa heim og samstundes betre kommunen si ressursutnytting innan institusjons- og heimetenester. 
Tilskotet skal også fremme ny busetting i heilårsbustader, ved at eigar flyt inn i ein sentrumsnær, aldersvenleg bustad med livsløpsstandard, medan bustaden eigar flyt frå kaupas av andre. 

2. Avgrensing av ordninga 
Ordninga gjeld for søkarar som i dag bur i bustader som ikkje stettar krav i Byggteknisk forskrift (Tek17) til planløysing og universell utforming og/eller har over 5 km reiseveg til kommunens heimetenestebasar i Haukeli, Rauland og Åmot. Ny bustad må vere universelt utforma og innanfor 2 km frå kommunens heimetenestebasar. 
Bustaden som blir flutt frå skal leggast ut for sal på det opne markedet eller selgast til marknadspris. 
Ordninga gjeld òg om søkaren flyttar inn i ein aldersvenleg, sentrumsnær bustad i ein annan kommune, og sel bustaden i tråd med desse retningslinene.
Tilskotet kan berre løyvast ei gong per husstand. 

3. Utlysing og søknad 
Det er fortløpande handsaming av søknadane.  Tilskotsordninga blir gjort kjent på kommunens heimeside med lenke til søknadsskjema. Tilskot kan tildelast når det er midlar i ordninga. Før søkarar eventuelt får avslag på grunn av at det ikkje er att midlar, skal kommunestyret ha høve til å tilføre midlar.

4. Kven kan det gjevast tilskot til 
Søkar skal i utgangspunktet ha ein oppnådd alder på minimum 60 år i løpet av det kalenderåret søknaden blir fremma. Det kan bli gjort unntak frå alderskravet dersom det ligg føre særlege helsemessige årsaker som har konsekvensar for helsetenester. 

5. Kven kan søke
Privatpersonar kan søke på tilskotet.  Føretak eller andre juridiske personar kan ikkje søke.
 
6. Storleiken på tilskotet
Tilskotet er på kr 300 000,- per husstand.  Tilskotet indeksregulerast årleg.

7. Tildeling og prioritering av søkarar
Tildeling av tilskot er delegert til rådmannen eller til de rådmannen utpeiker.  Bustadkonsulent er sakshandsamar, og Kommunalsjef Helse og Meistring godkjenner vedtak.
Ved knappheit på midlar vil dei med lengst avstand til kommunens heimetenestebasar i Haukeli, Rauland og Åmot bli prioritera.

8. Busetjingskrav og vilkår om utbetaling
Søkar må vere folkeregistrert i Vinje kommune.    Søkar må ha vært folkeregistrert i kommunen dei siste tre år. 
Den fråflytta, omsøkte bustaden skal vere tinglyst på ny eigar før utbetaling av tilskotet finn stad.  
Hus  standen kan velgje å leige ny bustad framfor å eige. Det er krav om bu og leigetid på minimum 3 år.  Krav om bu/ leigetid gjeld ikkje om leigeforholdet opphøyrar som følgje av naturlege orsakar som dødsfall eller institusjonsplass. 

9. Klage
Tildeling av tilskot er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova. Formannskapet er klageinstans.

10. Kontroll og opplysningsplikt
Kommunen kan kontrollere om tilskottet vært nytta i tråd med vilkår og forutsetningar for tilskotet. Den som har fått innvilga søknad om stimuleringstilskot plikter å gi kommunen de opplysningar kommunen skriftleg ber om i tilknyting til slik kontroll.   

11. Attendebetaling av tilskott
Tilskott kan haldes attende og/eller krevjes tilbakebetalt om;  
a) søker har gitt mangelfulle, uriktige eller misvisende opplysninger av betydning for saka, 
b) tilskottet ikkje  brukas i tråd med vilkår og forutsetningar for tilskottet, 
c) mottakar på annan vesentleg måte har brott vilkåra i desse retningslinjene. 

Dersom du tidlegare har avslutta utfylling av dette skjemaet utan å sende det inn, kan du fortsetje der du gav deg ved å skrive inn referansenummeret du fekk i dette feltet:

Referansenummer:

Før du gjev frå deg personopplysingar over internett, må du samtykkje i ei personvernfråsegn. Samtykkjeerklæring.

Samtykkje