Personvernerklæring

Klepp kommune forklarer i denne erklæringa korleis personvernet ditt blir ivaretatt ved bruk av denne tenesta.Klepp kommune nyttar skjemaløysing frå ekstern leverandør, omtalt i teksta som databehandlar . Klepp kommune er behandlingsansvarleg .

Føremålet med behandlinga

Føremålet med behandlinga er å utføra saksbehandling etter gjeldande tenestebeskrivelser. Klepp kommune ber om, og behandlar, informasjon som berre er nødvendig for sikker identifisering og rett saksbehandling.

Innsamling og oversending av informasjon

Ingen informasjon blir lagra hos databehandlar, han blir sletta umiddelbart etter oversending til behandlingsansvarleg. Unntaket er viss du sjølv vel å mellomlagra, og deretter bruka referansenummer for å halda fram med å fylla ut skjema på eit seinare tidspunkt. Les meir om dette på 1. side av skjemaet. Alle opplysningar blir overført kryptert med same datatryggleik som i nettbankløysingar.

Samtykkeerklæring

Viss du ønskjer å nytta denne elektroniske tenesta, må du samtykka ved å velja: Eg aksepterer, på 1. side av skjemaet. Du stadfestar samstundes at du er over 18 år.Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningarDu kan når som helst be om å få sjå eigne opplysningar som er knytt til denne saksbehandlinga. Det gjer du ved å senda ein førespurnad til Klepp kommune (postmottak@klepp.kommune.no).

Førespurnader

Førespurnader knytt til denne saksbehandlinga blir å senda til Klepp kommune (postmottak@klepp.kommune.no).

Lov om behandling av personopplysningar

Personvernerklæringa følgjer lov og føresegner i medhald av Lov om behandling av personvernopplysningar (personopplysingsloven) av 01.01.2001.

Definisjonar

Databehandlar: Den som behandlar personopplysningar på vegner av den behandlingsansvarlege.
Behandlingsansvarleg: Den som bestemmer formålet med behandlinga av personopplysningar og kva for hjelpemiddel som skal brukast (mottakande instans)
Personopplysningar: Opplysningar og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson