Personvernerklæring for elektroniske skjema frå Kommuneforlaget AS.

Denne personvernerklæringa for Etne kommune kommune gjer greie for korleis personvernet blir tatt vare på i samband med data som kommunen samlas inn gjennom dette webområdet.

Vi ønskjer at du skal kjenne deg trygg på at gjeldande lover og reglar blir følgde ved bruk av våre elektroniske løysinger. Sikker behandling av informasjonen vil alltid kunne dokumenterast etter gjeldande føresegner.

Denne personvernerklæringa følgjer føresegnene i lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.

Dersom du føler at personvernet ditt er sikra med denne erklæringa, samtykkjer du til lagring av dei innsamla dataa om deg. Samtykket blir gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane, jf. personopplysningsloven § 2 nr. 7.

Dersom du ikkje samtykkjer i at personvernet er godt nok tat vare på, vil du ikkje kunne nytte elektronisk skjema. I staden tilrår vi deg til å fylle ut eit utskriven eksemplar av skjemaet. Den utskriftsvennlege versjonen får du ved å ta kontakt med kommunen.

Behandlingsansvarleg og databehandlar

Etne kommune eig informasjonen som er samla inn, og er behandlingsansvarleg, jf. personopplysningsloven § 2 nr. 4. Det er den særskilde etatssjefen som er behandlingsansvarleg, men det daglege ansvaret ligg til den administrative leiinga i den kommunale eininga.

Kommuneforlaget Skjema er databehandlar av personopplysningar som er samla inn gjennom våre elektroniske skjermdialogar, jf. personopplysningsloven § 2 nr. 5. Eigarforholdet er regulert av ein eigen databehandlaravtale som sikrar konfidensialitet og integritet gjennom tryggingsløysingar og rutinar for sletting av informasjon ved overføring til Etne kommune .

Føremålet med innsamling av personopplysningar

Dei innsamla opplysningane gjer Etne kommune i stand til å utføre saksbehandlinga som er knytta til førespurnaden din. Dei innsamla opplysningane om deg blir registrerte og behandla på same måten som om du hadde sendt førespurnaden din på papir.

Sensitive personopplysningar

Du må ikkje leggje inn sensitive personopplysningar i skjermdialogane. Sensitive personopplysningar kan for eksempel vere opplysningar som er knytta til etnisk bakgrunn, politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning, opplysning om straffverdige forhold, helseopplysningar og/eller medlemskap i foreiningar (jf. personopplysningsloven § 2 nr. 8). Du må heller ikkje leggje ved vedlegg som inneheld slik informasjon. Om du må gi frå deg slik informasjon i samband med førespurnaden, må denne ettersendast pr. post. Informasjon om dette fører du opp i skjermdialogane.

Innsamling, behandling, lagring og vidareformidling av personopplysningar

Personopplysningar i samband med ei spesifikk sak er berre tilgjengeleg for:

  • saksbehandlarane i kommunen som er involvert i saka
  • tilsette i kommunen som er involvert i saka (utan direkte tilgang til behandlingssystema)
  • teknisk støttemannskap i kommunen, dersom tekniske vanskar dukkar opp i behandlingssystema
Dersom kommunen har behov for å overføre saka til eit anna forvaltningsorgan, vil den personen det gjeld, bli informert, og løyve vil bli etterspurt for eventuell overføring av opplysningane.

Informasjonssystem og teknologibruk

Alle opplysningane som blir overførte mellom din datamaskin, kommunens og databehandlarens tenar/tenarar blir transporte over ei sikra line (HTTPS/SSL).

Våre informasjonssystem er lagde til rette for å handtere personopplysningar, jf. personopplysningsloven § 8 (ikkje-sensitive personopplysningar).

Rett til innsyn i og endring/sletting av personopplysningar

Dersom du ønskjer innsyn i dei opplysningane som kommunen har lagra om deg, kan du vende deg til den kommunale eininga som behandler den saka som opplysningane er gitt til. Du kan be om at opplysningar blir endra, retta eller sletta.

Dersom du ønskjer informasjon om korleis Etne kommune behandlar eventuelle personopplysningar du oppgir til kommunen, kan du vende deg til den kommunale eininga som opplysningane skal gjevast til, og som skal behandle saka.